Bibelkveldar på Leirvik Bedehus

Ruts bok: fra desperasjon til håp

Vi inviterer deg til å bli med på fem spanande bibelkveldar der vi skal lese og utforske Ruts bok saman. Dette er ei flott moglegheit til å lære meir om Bibelen, styrke fellesskapet og få ny kunnskap.

Kva kan du forvente?

Første kveld: Introduksjon til Ruts bok. Vi ser på korleis det var å leve på den tida og kva bodskapen i boka er.
Dei neste fire kveldane: Vi les eit kapittel heime og svarar på nokre spørsmål. Når vi møtest, diskuterer vi spørsmåla i grupper og får undervisning som samlar trådane.

Kvifor bør du bli med?

Lær noko nytt: Bibelen er ei bok ein aldri blir ferdig med. Det er alltid noko nytt å oppdage.
Styrk fellesskapet: Diskusjonar og gruppesamtalar gir moglegheit til å dele tankar og lære av kvarandre.
Få djupare forståing: Kveldane vil gi oss hjelp til å forstå teksten betre og sjå samanhengar vi kanskje ikkje har lagt merke til før.

Praktisk informasjon:

Tid: 20.00
Dagar: 21 januar, 28. januar, 04. februar, 11. februar og 18. februar
Stad: Leirvik Bedehus

Vi håper du har lyst til å bli med på desse inspirerande kveldane. Ta gjerne med ein ven!

Velkomen!

Påmelding: