Barnelag 2. – 4. klasse

Kontaktperson: Johny Dyrøy – 906647877.

Me møtest annankvar veke oddetall, torsdager kl. 17.00 -18.30 i kjellaren på Leirvik Bedehus.

Medlemspengar kl 50

Me legg opp til to “typar” samlingar utover i semesteret:

Gruppesamlingar . Då har me fyrst ei felles samlingsstund der me syng litt saman, høyrer frå Bibelen, gir opplysningar osv. Deretter deler me oss inn i grupper der me driv med ulike aktivitetar (Trearbeid, matlaging, Lego , spel/leker og forming). Til slutt samlast me til ei felles avslutning der me bl.a. får smake på det som “matgruppa” har laga.

Fellessamlingar. Då er me i lag heile tida og gjer på ting i fellesskap. Dette kan til dømes væra utlodding, leiker, me får besøk, avslutning o.l.

Til gruppesamlingane kjøper me inn ein del materiell til hobbyarbeid, matlaging, trearbeid etc. Me må difor be om at alle betaler ein kontingent på kr. 50,- pr. semester.

På nokre felles- samlingane er det satt opp ein liten utloddning. Det er fint om barna då får med seg nokre kroner til å kjøpa lodd for (20 kr). Me har ein regel om at ingen får vinna meir enn to gonger kvar.

Av og til kan vi trengje litt ekstra hjelp. Gi Beskjed om du kan tenka deg å væra med oss ofte eller ein gong du er like velkommen. Kan du tenka deg å ha ein andakt for den flotte gjengen på Junior–ving så er me takksamd for det også.

Er det noko de lurar på, eller har de idear er det berre å ta kontakt