Forsamlinga ImF Stord
Hos ImF Stord er det slik at me ca. annakvar sundag møtest kl.11.00 til Gudsteneste.
Møtestad er på Leirvik Bedehus, som ligg i kort avstand frå Leirvik sentrum.
Gjennom eit år har me i tillegg ulike inspirasjonsseminar, konsertar og andre typar samlingar.
Me vil byggja varme, inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus og gjera dei til hans disiplar
Hold deg oppdatert
Informasjon om kva som skjer vert gitt gjennom nettsider og Facebook. Eller du kan føre deg opp på nyhetsbrevet vårt her!
Bli med i fellesskapet
Det å møtast som menneske i ulike aldersgrupper er ein viktig del av vårt fundament, både for å dela tru og nattverd, inspirera, støtta og oppmuntra kvarandre.
Me er ei veksande forsamling, med folk i alle aldrar. Born og eldre, unge og familiar – alle er velkomne hjå oss.
Me kjem saman for å søkja Gud i fellesskap, der blant anna lovsang, bønn og forkynning er sentralt, men også der den gode samtalen, samlande måltid og sosialt fellesskap er viktig.
Under Gudstenesta er det som ofte sundagsskule for borna, og etterpå vert det servert «kaffi med noko attåt» eller middag.
Kan me hjelpa deg?
Er du nyskjerrig på Jesus og den kristne trua? Synest du det er vanskelig å forstå, og kanskje litt vanskelig å koma på Gudsteneste for fyrste gang? Eller ynskjer du berre nokon å prata med om det du lurar på?
Ta gjerne kontakt med oss, så kanskje me kan vera med og gi nokre svar – og dela vårt fellesskap med deg?
Du kan kontakte Forsamlingsleiar,
Ingvild Løklingholm, på e-post: post@imfstord.no eller tlf. 92242270
Me bekjenner oss til den luthersk evangeliske læra.
Vil du læra meir om kristen tru?
Sjekk ut nettkursene her: https://kurs.omgud.net/
Styret i ImF Stord
Stryret i ImF Stord blir valgt av Årsmøtet som er øverste organ i organisasjonen.
Styreleder:
Kjetil Fyllingen
Mobil: 97676363
Nestleder:
Terje Vikestrand
Styremedlem:
Ole Jørgen Tveit
Torbjørn Brosvik
Elin Solheim
1. Vara: Hans Gunnar Aadland
2. Vara: Tove Iren Notland
3. Vara: Per agne Djupvik