Tjenestegrupper i ImF Stord

Bli med på laget – finn din plass i ImF Stord! 🙌✨
Å vere med i ei teneste er ein flott måte å kjenne seg heime i forsamlinga på.
Her kan du bruke gåvene dine, bidra til fellesskapet og bli betre kjent med andre.
Kanskje du likar å ta imot folk med eit smil?
Eller syngje og spele?
Lage kaffi og skape god stemning?
Uansett kva du brenn for, finn vi ei teneste som passar for deg!
Nokre tenester krev meir opplæring og rettleiing enn andre,
og sjølvsagt må du vere lojal mot verdiane og retningslinjene til ImF Stord.
Sjå «Lov for ImF Stord».
👉 Ta kontakt – vi hjelper deg å finne din plass!
Du kan og ringe styreleder, Kjetil Fyllingen på 97676363.
Lovsongsteneste
I ImF Stord har me ulike lovsongsteam som er sett saman av forskjellige menneske for å skape god variasjon i stilartar og type lovsong. Me ønskjer ein god miks av gamle og nyare songar og barnesongar. Kvart lovsongsteam har ein leiar, nokre songarar og nokre musikarar.
Møtevertar
Møtevertar hjelper til med praktiske førebuingar før gudstenesta, og dei helsar velkomen i døra. Dei lager til kyrkjekaffien og rydder opp etter møte.
Møteleiar
Møteleiaren er den som «syr saman møtet» og leier forsamlinga gjennom gudstenesta. Det er viktig at møteleiaren har ein god dialog med dei andre som har oppgåver i samlinga.
Møteleiaren er òg brannansvarleg på samlinga, og må setje seg inn i branninstruksen for Bedehuset. På større samlingar må ein informere om rømmingsvegar.
Teknikk/lyd
Teknikk- og lydteamet er ei av dei tenestene som skjer i bakgrunnen og kan verke mindre synleg enn dei som står på scena. Men lovsongen og preika hadde ikkje vore det same utan ein god lydmann bak spakane! I denne tenesta får du opplæring i både EasyWorship og rigging av lydutstyr.
Søndagsskule
Me har Awana-søndagsskule for ulike aldersgrupper.
Cubbies for 4-5 år, Sparks for 1.-4.klasse, T&T for 5.-7.klasse.
Me treng leiarar som kan vere gode førebilete både i tru og handling for barna som kjem. Me treng vaksne som ser dei, leikar med dei og fortel dei om Jesus.
Forbønsteneste
Forbønstenesta er mangfaldig. Du kan ha ansvar for å be for forsamlinga, vere leiar i eit forbønnsteam eller ha ei bøneteneste der du ber for enkeltpersonar under gudstenesta.
Diakongruppa
Diakonitenesta er ei gruppe som besøker de sjuke i forsamlinga, køyrer folk til gudsteneste og meir. Det er mykje forskjellig du kan bidra med, og du bestemmer sjølv kor mykje tid og krefter du vil legge ned. (Denne gruppa er ikkje heilt på plass enda, kanskje du vil være med å ta ansvar for dette?)
Ungdomsarbeid
Ungdomstida er ei tid med mykje forvirring, og ein periode der mange søker bekreftelse og eit førebilete å sjå opp til. I denne tida er det svært viktig med gode og sunne trusførebilete i alle aldrar. I ImF Stord har me ulike aktivitetar som me trur er viktige for ungdommane på øya vår. UKS for ungdomsskulen samles fredag kveld og UNG for de som går på vidaregåande samlas laurdag kveld.
Kontakt:
Hilde Kristin Teigland – UKS.
Johny Dyrøy – UNG.
Kommunikasjon
Vi kommuniserer via nettside, nyheitsbrev, annonsar og sosiale medium. Likar du å skrive, ta bilete eller lage video? Då er dette kanskje ei teneste du kunne vore med i!
Har du ei oppgåve du brenn for, eller noko du kunne tenkt deg å bidra med i ImF Stord?
Ta gjerne kontakt – me ønskjer at alle skal finne sin plass i fellesskapet!